Pil & Bue

Pil & Boge – med hjartet på rette staden

Medan nokre få rockeorkester har vald å synge på nynorsk, har Pil & Boge vald å synge på eit språk dei kan, nemleg engelsk. Sjølv om dei kan oppfattas som noko bråkate, så er dei berre to unge menn i bandet, som blei laga for nokre få år sida.

For dei som har kjensler for rockemusikk, veit at orkesteret består av vår eigen songfogel, Petter Carlsen, og Bodøs svar på verdens beste trommeslagar, Aleksander Kostopoulos. Gutane har to gramofonplater bak seg, kor den siste er nokre av det beste som er laga i Norden dei 3,5 siste åra.

 

P&B er ikkje framandkarar for Aronnesrocken. Til saman har dei spelt om lag 16 gonger, i ulike formar og fargar. I fjor muntra dei opp publikum med ei heidundrande avslutning lørdagsnatta, kor dei spelte det remmar og tyg kunne halde, medan dei spruta ut konfetti ut over sletta, så dei som måtte rydda opp, måtte rydda opp lenge og vel.

Petter og Kosten er jamvel velkommen attende, og vi gler oss stort.